Sponsing og gåver

Saman skapar vi verdiar for bygda vår! 

Skjåk Energi har i mange år vore med og støtta lokale frivillige lag og foreiningar med gåver og sponsorverksemd. Noko vi ønskjer å oppretthalde, fordi det er verdifullt både for lokalsamfunnet, den enkelte foreining og oss sjølve. Det vert lagt ned mykje frivillig arbeid i Skjåk. Sjølv om dugnadsånda er sterk, er det viktig å vera klar over at frivillig arbeid kostar mykje over tid. Kanskje kan vi med våre bidrag gjere jobben litt lettare og meir overkommeleg, slik at motivasjonen til å drive frivillig arbeid held seg oppe. 

Vi støttar lokale lag og foreiningar med verksemd særleg retta mot barn og unge. Men også allmennkulturelle- og sosiale tiltak som fremjar sosial inkludering. Alle er velkomne til å søkje. Send søkand til firmapost@sken.no eller i pr. post til Moavegen 28A, 2690 Skjåk.