Historie

I samband med 100 års jubileet til Skjåk Energi i 2019, er vi i startgropa med å få skreve ei bok om historia til everket, frå etablering i 1919 og fram til i dag. Dette er eit stort prosjekt som krev eit djuptdukk i arkivet, boka vert forventa ferdig ved utgangen av 2018.

Skjåk Kraftverk (seinare Skjåk Energi KF) vart stifta 23. juni 1919. Dei som stod for stiftinga var Skjåk kommune og Skjåk Almenning med 50 % kvar. Formålet var å bygge ut Aura kraftstasjon for å sikre lokal strømforsyning. 

Anleggsarbeidet starta opp i juni 1919 og Aura kraftverk vart prøvekøyrt 16. januar 1920. Den offisielle igangsetjinga var den 22. februar 1920 med forsyning til 40 abonnenter over 7 transformatorer, frå Forberget til Sveen og med avgreining til Mallaug. 31. desember 1920, etter eit og eit halvt år, var bygge- og anleggsperioden over. Denne kraftstasjonen var i drift fram til først på 1960 talet.

Den neste utbygginga i Skjåk vart større og skjedde på 1960-talet. Kraftstasjonen Skjåk 1 vart sett i drift i november 1965 og utnytter fallet frå Aursjoen ned mot Otta-elva. Opplandskraft DA er eigar av Skjåk 1 kraftstasjon. 

Tredje og største utbygginga kom på fyrsten av 2000-talet. Det er Øvre Otta DA som eig dei to kraftstasjonane i Øvre Otta utbygginga, Øyberget og Framruste, desse vart sett i drift i 2005.

Skjåk kommune har stedeverande retter i Øvre Otta DA og kraftverket Skjåk 1, rettane vert disponert av Skjåk Energi KF for kommunen. I tillegg disponerer Skjåk Energi konsesjonskraft og andre kraftrettar for eigaren, Skjåk kommune.

Energiverket står for distribusjon og omsetning av elektrisk energi i heile kommunen, samt dei delar av tunnellanlegga på RV 15 Skjåk - Stryn som ligg i Stryn. Vi har i dag i omlag 2000 kundar.

Skjåk kraftverk endra namn til Skjåk Energi i 1996. I 2006 vart everket omorganisert  og elektrobutikk og installasjonsverksemda vart skilt ut. I dag har Skjåk Energi 18 fast tilsette.

 

Raudalsdammen under utbygging, fotograf Wiker