Årsmeldingar

RESULTAT 2017

Vi har lagt bak oss det 98ande driftsåret til Skjåk Energi og det har vore høg aktivitet gjennom heile året. Sjølv om 2016 var eit godt år, har vi i 2017 eit overskot etter skatt som er nesten dobla samanlikna med 2016 og budsjett for 2017. Det er likevel ei uro for oss at styresmaktene skattlegg kraftverksemdene så hardt som dei gjer, og trekkjer på den måten ut midlar som burde kome sterkt økonomisk pressa eigarkommunar som ligg i utkantane til gode.

Det er å håpe at ramevilkåra for Skjåk Energi blir slike at bedrifta kan stå på eigne bein i mange år framover også.

Driftsresultat på 13,2 millionar kroner er 1,1 millionar betre enn fjoråret. Driftsinntektene er 2,1 millionar kroner lågare enn fjoråret. Hovudårsaken er lågare inntektsramme i 2017 enn i 2016. Driftskostnadene er lågare i 2017 enn i 2016. Resultat før skatt er på 11,1 millionar kroner, som er 3,1 millionar kroner betre enn året før. 

Resultat etter skatt er på 6,8 millionar kroner, som er 3 millionar betre enn fjoråret. Det vart teke ut 6,6 millionar kroner i eigaruttak i 2017.

Årsmelding 2017