Skjåk Energi KF

Saman skapar vi verdiar for bygda vår!

Våre verdiar er påliteligheit, framsyntheit, pågangsmot og humør. 

Vi skal vere ein framtidsretta verdiskapar med kunderetta verksemd innan fornybar energi, infrastruktur, smartstrøm og tilknytte tenester innan marknaden vår.

Skjåk Energi KF er lokalisert i Skjåk og er eit kommunalt føretak eigd av Skjåk kommune. Energiverket står for distribusjon og omsetning av elektrisk energi i heile kommunen, samt dei delar av tunnelanlegga på riksveg 15 mellom Skjåk og Stryn - som ligg i Stryn. Avstanden mellom ytterpunkta i konsesjonsområdet (Skjåk kommune) er ca. 85 km. Skjåk kommune har stedsvarande rettar i Øvre Otta DA og kraftverket Skjåk 1, som Skjåk Energi disponerar for kommunen. Vi syrgjar for strøm til ca. 2000 abonnentar, og disponerar ei kraftmengde på om lag 120 GWh kvart år.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Årsmeldingar
Historie
Everkstyret
Gåver og sponsing
Ein stor takk til...